Misjon- tett på


 

Framside: Diakonane Aud Brynhild Indset og Gro Venås (t.h.) arrangerte ein inspirerande misjonskveld – og gledde seg over vellykka utlodning til projekta i Midt-Austen og Etiopia

Kyrkjesokna i Surnadal og Rindal samarbeider med Det Norske Misjonsselskap (NMS) i omsorgsprosjekt i Etiopia og Midt-Austen.

På Surnadal Kyrkjelydshus torsdag fekk gjevarane gripande bevis på nytten av gåvene. Diakonane Aud Brynhild Indset og Gro Venås hadde kalla programmet «Inspirasjonssamling» og invitert Øyvind Ulland Eriksen frå NMS til å formidle både informasjon og inspirasjon.

Fred, språk og helse

Dei mange frammøtte fekk ferske og levande inntrykk av samfunnet og menneska der pengane frå våre lokale innsamlingar og kyrkjeoffer kjem til nytte. Medan flyktningesituasjonen etter Syria-krigen fordrar særleg innsats i Midt-Austen, viste Eriksen korleis NMS engasjerer seg i fred og forsoning mellom ulike folkegrupper, språk- og bibelarbeid, kvinnerettar og helsearbeid i Etiopia.

Arbeid med minoritetar og språk er blant mange fokusområde, sa Øyvind Ulland Eriksen frå Det Norske Misjonsselskap

Sidan 2003 har kyrkjelydane i Surnadal og Rindal støtta NMS sine misjonsprosjekt med avtale om faste gåver – først til landsbyutvikling i Etiopia, seinare med fornya målsetting etter som behova har endra seg.

Av kaffelandet Etiopia sine 115 millionar menneske er 63% kristne og 34% muslimar. 90 etniske folkegrupper har ulike språk og store motsetningar. Manglande skriftspråk gjer lesing og vanleg skulegang umuleg, så språkarbeid og bibelomsetting er viktig for NMS.

Da Mitiku frå slavefolket Hozo fekk høre ei bibelforteljing på språket sitt, sa han: - Det var som å bli fødd på ny!  

Marie Sollid - lokalkjend

Det Norske Misjonsselskap har i over 50 år arbeidd i Etiopia – mykje saman med Mekane Yesus-kyrkja, som har hatt ei rivande utvikling: - Tenk dykk at medlemstalet i denne kyrkja sidan 1960 har auka frå 25 000 til over 10 millionar! fortalte Eriksen til ei måpande foramling. Her på berget står fleire og fleire kyrkjebenkar tomme, og lokalt gudstenestebesøk kan somtid teljast på fingrane.

 

På spørsmål om nokon i salen hadde vore i Etiopia, fekk Ulland Eriksen eit solid svar: Marie Sollid var misjonær der i over 20 år – med sterk tilknyting til nettopp Mekane Yesu-kyrkja! Taiwan-misjonær Anna Sæther var også til stades, og ved kaffebordet hadde Eriksen, Sollid og Sæther mykje å snakke om!

 

Sterke inntrykk på lerretet

Trass noko dårleg lyd vart sterke inntrykk formidla via plansjar og videoklipp. Ei ung kvinne skildra den ufattelege skjebnen ho og millionar andre blir utsette for ved omskjering: - Den dagen tok livet slutt.

Den syriske guten Warim var berre 7-8 år da ei helikopterbombe sprengte ein fullsett bil i filler like attmed han. Som flyktning fekk han hjelp av NMS sitt prosjektarbeid i Beirut. Misjonens mediesatsing Sat Seven (Sat-7) når fram til mange i Midt-Austen - også til dei mange flyktningane frå Syria-krigen, som Warim gav eit tydeleg ansikt i NMS-glimta. Og det stråla fryd av guten da han fekk synge saman med den canadiske stjerna Mary Anne i Sat Seven-studio.