Gudsteneste med hausttakkefest


 

Framsidefoto: Presten talar over teksta « gi oss i dag vårt daglege brød»

86 personar trossa regnveret og møtte til gudsteneste med hausttakkefest i Stangvik kyrkje søndag 18. september. Kyrkja var pynta med blomster og haustblad, og i midtgangen,  i eit gamalt trau, var frukt og grønsaker, og brød og vatn. Solveig og Jon Arve Nes hadde ilag med Rannveig Brøske stått for pyntinga i kyrkja. Hausttakkefest i kyrkja er ein tradisjon frå 1800- talet.

Kyrkja pynta til hausttakkefest

Kyrkja pynta til Hausttakkefest

 

Torbjørn Brøske preika over teksta «Gi oss i dag vårt daglege brød», og forteljinga om Jesus som metta 5000 med 5 brød og 2 fiskar! Han poengterte at det er nok mat for alle i verda i dag, men det er ikkje vilje til å dele så alle får!  På slutten av preika fekk årets konfirmantar, som i dag vart presenterte, gleda med å dele ut brød og vatn, frukt og grønt til dei som sat i kyrkjebenkane,  som symbolhandling på at maten i verda skal delast. Dette var den første diakonale oppgåva til konfirmantane.

Presentasjon av årets konfirmantar

Presentasjon av årets konfirmantar.

 

50- årskonfirmantane var også inviterte til gudstenesta, og dei to som var oppmøtte, mimra ilag med presten korleis det var å bli konfirmert for 50 år sidan.