Oppstart damekoret Credo


23. august kl. 19:00 på kyrkjelydshuset på Skei

 

Damekoret Credo startar tysdag 23. august på nytt semester og ynskjer gamle og nye medlemmar velkomne i koret!

Koret øver tysdagar på kyrkjelydshuset på Skei frå kl.19:00 -20:30 og har pr. i dag 12 medlemmar.

Kantor i Surnadal, Oddveig Helset Halle, er dirigent og leiar for koret. Ho understrekar at det ikkje er slik at koret syng kvar søndag i kyrkja, slik mange kanskje trur, sidan det er eit kyrkjekor. 

Koret syng på salmekveldar/konsertar i kyrkja og vi har som mål å synge ved ei gudsteneste haust/vår.

Har du lyst til å vere med i koret, så er du hjarteleg velkomen i triveleg lag! 

 

Ta gjerne kontakt med Oddveig Helset Halle på mob.97594512 om du har spørsmål.

Tilbake