2. gangs utlysing, kyrkjeverjestilling i Surnadal


 

Ledig 70 % fast stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar i Stangvik og Surnadal kyrkjelege fellesråd fra 1.september.

I Surnadal kommune har vi ca. 6000  innbyggjarar. Kommunen er kjend for sitt rike kulturliv og fine turområde.

Kyrkjeverja er dagleg leiar i kyrkjeleg fellesråd. Fellesrådet er kyrkjas valde organ på kommunenivå.

Den norske kyrkja i Surnadal har eige kontorlokale i sentrum av kommunen.

Kyrkjestaben består av kyrkjeverja, prestar, kantor, organist, klokkarar, trusopplæringsleiar, diakonar, sekretær og kyrketenarar/kyrkegardsarbeidarar/reinhaldar.

I Surnadal kommune har vi 6 kyrkjer, 7 kyrkjegardar, samt eit kyrkjelydshus som også er vårt kontorlokale.

 

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

Kyrkjeverja er dagleg leiar for verksemda til fellesrådet. Dette inneber m.a.:

  • Personalleiing og arbeidsgjevar for dei tilsette.
  • Ansvar for økonomi, rekneskap og budsjett.
  • Planleggjing og tilretteleggjing av kyrkjeleg verksemd.
  • Sekretær og saksbehandlar for fellesrådet og ansvarleg for oppfølgjing av vedtak.
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar.
  • Leiar for gravferdsforvaltninga i kommunen.
  • Rapportering til det offentlege.
  • Oppretthalde kontakt med kommunen og elles vere ein synleg representant utad.
  • Bidra til å realisere kyrkja sin visjon om å vere levande, nær og tilgjengeleg i lokalsamfunnet.

 

Ønskelege kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på universitets-/høgskulenivå innan leiing, administrasjon, økonomi eller offentleg forvaltning.
  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og muntleg.
  • Kunnskap om kyrkjeleg organisering og offentleg forvaltning.
  • Kunnskap om forvaltning av kyrkjebygg, herunder vedlikehald av verneverdige bygg.

Søkjarar med anna bakgrunn kan også vere aktuelle. Opplæring vil bli gjeve.

Du må vere medlem av Den norske kyrkja.

Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.

 

Personlege eigenskapar:
Som kyrkjeverje må du ha gode leiareigenskapar og vere flink til å organisere og administrere.

Du er løysingsorientert i ein kvardag der du møter ulike utfordringar.

Du er tillitvekkjande, god i møte med folk og ein relasjonsbyggjar.

Du er fleksibel og allsidig.
Erfaring frå kyrkjeleg arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav

Vi tilbyr:

Ei spennande og meningsfylt stilling med konkurransedyktige betingelsar i ein kompetent organisasjon.
Pensjonsordning i KLP.

Har du spørsmål om stillinga?
Ring fellesrådsleiar Rannveig Brøske på mobilnummer 476 25 054

Søknad med cv sendes til: post@surnadal.kyrkja.no

Søknadsfrist 11.august.

Tilbake