Barnekoret Jubilate vil ha fleir medlemmar!
Barnekoret Jubilate vil ha fleir medlemmar!
Barnekoret Jubilate vil ha fleir medlemmar!

Hei , barnekoret Jubilate  vil gjerne ha med seg fleire  som er glad i å syngja og  vil framover øve på tysdagar istadenfor torsdagar rett etter skuletid i Øye kyrkje! 

 
5 kjekke jenter vil gjerne at koret skal fortsette, og vi håper derfor at endring av dag vil kunne passe for fleire som har lyst å vere med.
(Vi kan gjerne komme til Øye skule om det er nokon som synes det er kjekt med følgje første gongane.)

Aldersgruppe : 2.-4.trinn (om nokon på 1.trinn er veldig motiverte så er dei også velkomne!)  Dette er eit fint tilbod til ungane og medlemskontingent kr.150,- i semesteret. 

Dei som blir med i koret får vere med på mange kjekke ting. Vi har korprosjekt saman med Rindal barnekor og vi reiser på kortur. I løpet av hausten skal vi på kino i lag og kose oss med pizza etterpå. I desember skal vi ha ein liten minikonsert med Luciasongar/ julesongar. 

Hedda Hansen Berg og Oddveig Helset Halle håper at fleire kan melde seg på no.  Korøvinga startar etter ein kort fruktpause og er ferdig kl.14.35 slik at dei som tek buss heim skal rekke den. 
Ta kontakt med Oddveig Helset Halle på mob.97594512.