Bli med i barnekor!
Bli med i barnekor!
Bli med i barnekor!

BLI MED I BARNEKORET JUBILATE!

Denne hausten startar vi med barnekor for ungar på 2.-4.trinn  med elevar som går på Øye skule. Elevar frå dei andre skulekretsane i kommunen, er også velkomne.
Alle som har lyst til å lære meir om å synge, alle som vil lære nye songar og alle som vil synge saman med andre er hjarteleg velkomne! 

I koret vil du… 

…få opplæring i å synge og i det å synge saman med andre.

…få lære mange nye, flotte songar i ulike sjangrar.

…få vere med på å opptre og halde konsertar.

…få oppleve leik og moro med musikk.

…ikkje minst få ha det gøy saman med andre som også likar å synge!

 

Høyrest dette ut som noko du kan like? Bli med da vel!

Øvingane vil vere i Øye kyrkje på torsdagar kl 13.55-14.30. Der vil det først bli litt frukt før vi øver.

Har du lyst til å være med? Eller lurar du litt på kva dette er?

Da kan du komme til første øving torsdag 29.august Både barn og foreldre er velkomne til å vere med!
Velkommen!

Med vennleg helsing

Oddveig og Hedda.

 

Lurar du på noko? Da kan du ta kontakt med oss på e-post eller telefon:
Oddveig Helset Halle, kantor i Surnadal e-post: oddveig.helset.halle@surnadal.kyrkja.no

Mobil: 975 94 512

Hedda Hansen Berg, pianist
Mobil: 924 23 636

Send gjerne påmelding på e-post eller SMS. Det er også greitt å berre møte opp utan påmelding dersom du berre vil sjå og høyre første gongen.
Skyss - Korøvingane foregår etter skuletid, i SFO-tida, så ungane er avhengige av skyss om dei går på skule i Mo eller Stangvik/Todalen.