Pinsegudsteneste i Stangvik
Pinsegudsteneste i Stangvik

Stor gudstenestefeiring

Tradisjonen tru vert det også i år felles gudsteneste i Stangvik kyrkje 1. pinsedag kl 11. Kyrkjelydane i Rindal, Surnadal, Halsa og Stangvik er saman om gudstenesta på kyrkja sin fødselsdag! Også i år vil det koma  kyrkjefolk roande frå Hamnes. Interesserte bør koma i god tid før gudstenesta for å sjå båtane leggja til ved vorren ved Stangvikkyrkja! Gudstenesta blir forretta av prestane Kristin Strand, Lene Gåsvatn, Vidar Rygh og Torbjørn Brøske. Representantar frå fleire kyrkjelydar deltek med skriftlesingar og bøner. Eit barn skal døypast og det vert feira nattverd. Organist er Oddveig Helset Halle.

Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe.

Stangvik sokneråd ønskjer alle velkomne!