Fasteaksjon 2018
Fasteaksjon 2018

Konfirmantane i Surnadal samla inn 89 108 kroner under årets fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp. Dette gir 450 mennesker tilgang til rent vann!!
(Vipps er ikkje medrekna)

Soknvis fordeling:
Todalen 8595,-
Mo 10 590,-
Øye/Ranes 43 531,-
Åsskard 14 338,-
Stangvik 12 054,-

Til tross for sludd og regn, møtte ungdommane med friskt pågangsmot og bøsseberarane vart godt mottekne rundt om i heimane.
Stor takk til alle som deltok- til konfirmanter med føresette, til sokneråda som organiserte innsamlinga og alle andre som bidrog.