Babysong på kyrkjelydshuset på Skei, hausten 2018
Babysong på kyrkjelydshuset på Skei, hausten 2018

Kyrkja i Surnadal, Rindal og Halsa invitarar til trusopplæring for dei minste

På babysong har vi først eit musikalsk program på omkring ein halv time, der vi har kjende og nye barnesongar, regler og rørlse med ulike instrument og effektar. Samspelet mellom foreldre og barn er viktig, og her syng vi med den stemma vi har. Hugs at DI stemme er det vakraste barnet ditt veit! Etter programmet let vi Mamma/Pappa-praten gå medan vi kosar oss i lag med lunch.

Du kan også få kjøpt babysong-cd til halv pris.

Denne hausten samlast vi desse torsdagane, frå 10.30 til 12.30:
20.september-4.oktober-18.oktober-1.november-8.november-29.november og 6.desember

Lunch kostar  30 kr pr gong.

Send ei melding med barnet sitt namn til tlf: 99518162 om du kjem, så har vi ein oversikt over kor mykje mat vi skal lage.

Elsa og Gro ønsker hjarteleg velkommen!