Folketonekveld i Ranes kyrkje søndag 18.februar kl. 18.00
Folketonekveld i Ranes kyrkje søndag 18.februar kl. 18.00

Folketonar frå Nordmøre

Søndag 18.febr.kl.18.00 blir det konsert med Nordmøre Spelmannslag og Damekoret Credo i Ranes kyrkje.
Musikken som vi får høyre ber i seg mykje «levd liv» alt frå lengsel og håp, glede og sorg .Det er slitesterke melodiar i dur og moll som har levd gjennom generasjonar. Folkemusikken rører ved hjartestrengane våre og  denne flotte musikken vil vi gjerne dele med fleire.

Nordmøre Spelmannslag er eit gamalt og ærverdig lag, stifta 1932 og tel i dag om lag 15 medlemmar som kjem frå store delar av Nordmøre. Laget deltek på den årlege Fylkeskappleiken for Møre og Romsdal, og spelar elles på konsertar og tilstelningar rundt om på Nordmøre. Spelmannsaget har og gjort fleire opptredenar for NRK, og  har gjeve ut to CD. Musikalsk leiar for laget er Hilde Bergfald frå Smøla.

Laget tek vare på den gamle og rikhaldige folkemusikkarven i distriktet vårt og  her er det utruleg mykje å ta av ! På konserten får vi høyre alt frå Polsdans frå Todalen, Reinlender frå Rindal, folketonar frå Surnadal og Rindal m.fl. Damekoret Credo deltek saman med spelmannslaget og dei framfører fleire religiøse folketonar som vi finn i den nye salmeboka.

Vi håpar at publikum også vil vere med å syngje saman med oss på eit par av  songane.

Damekoret Credo