Siste frist for påmelding til sommarleir!!
Siste frist for påmelding til sommarleir!!

Sommarferien nærmar seg og vi har enno ledige plassar på leir.
Absolutt siste frist til påmelding for sommarleir er 13 juni!

(Link til påmelding finn du lengst nede i artikelen)

Sokneråda i Halsa, Surnadal og Rindal inviterer alle barn frå 7-15 år til sommarleirar i alle kommunane, med overnattingsleirar på Gråhaugen og på Nordmarka.

- Mini-dagsleir: For dei som er født i 2009-2012 og ikkje ønskjer overnatting. 
Datoar: 24. - 28. juni i hhv. Halsa mandag 24., Rindal tirsdag 25. og Surnadal onsdag-fredag 26.-28.

I år har dagsleiren ein litt annan form - for å lese invitasjonen, trykk HER!

 

- Overnattingsleir: For dei som er født 2009-2011. Dato: 4. - 6.juli

- Tweensleir med overnatting: For dei som er født 2006-2008. Dato:  4. - 6. juli.

Invitasjonen til overnattingsleirane finn du HER.

- Ungdomsleir: For dei som er fødde 2003-2005. Dato: 8. - 10. juli. OBS! Denne vil gå føre seg i området Bæverfjorden - Valsøyfjorden der vi avsluttar i klatreparken på Valsøya.

Invitasjonen til ungdomsleiren ligg HER.

Kor skal vi?

Mini-dagsleiren finn stad over 5 dagar i Halsa, Rindal og Surnadal. Det er valfritt kor mange dagar ein vil vere med på. Hugs å krysse av for dei dagane de har lyst til å vere med på på påmeldingsskjemaet.

Overnattingsleirane og Tweensleiren skal vere på Gråhaugen fjellstove, som er ei privateid turistforeningshytte. Fjellstova ligg idyllisk til i Folldalen, der det ligg godt til rette for friluftsliv og anna aktiviteter.

Ungdomsleiren går føre seg i området Bæverfjorden - Valsøyfjorden.

Kven blir med?

Ein flott gjeng med ungdommar frå 16 til 28 år blir med som leiarar, og kjem til å vere aktive i det meste av programmet. I tillegg blir det med nokre vaksne frå kyrkjestaben.

Kva skal vi finne på?

På leir får du oppleve mykje kjekt! Vi skal ha bibeltimar, gå tur, leike, ha hobbyaktivitetar, synge, bade. Kort sagt: Ha det kjekt i lag! Dei som er med på overnattingsleir for tweens får overnatte i lavvo. Tips: Søk på Gråhaugen på youtube, så finn du mange filmar frå leirane.
 

Prisar:

Dagsleir kr 100,- pr. dag.
Overnattings-, tweens- og ungdomsleir kr 700,-.
(Leirane er sterkt subsidierte.)

For søskenmoderasjon, ta kontakt med kyrkjekontoret.
Informer om dette i kommentarfeltet i påmeldingsskjemaet eller ta kontakt med oss etter påmelding.

I år ser vi helst at vi får betalinga inn via Vipps. Bruk #121648 Fellesrådet, Stangvik og Surnadal kyrkjelege fellesråd. Alternativt kan de betale direkte til Fellesrådets konto, 4040.55.87256. Merk betalinga med namn på deltakar og dato for leir.

Påmelding:
Påmelding til sommarleir 2019
Vi kan hjelpe til med skyss om det trengs.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Spørsmål? Ring: 99518162 - Elsa Jensvold